Ei kriminell jul

av Mona Ekelund.

 

I dag er det vanleg å lese krim til påske i Norge. I andre land les ein krim til jul. Kva slag forteljing Hans Jæger meinte var mest passande til jul skal vere usagt. Han prøvde i alle fall å selje ei bok med tittel «Julefortællinger» i Sverige eit år. Det viste seg at boka var identisk med den kjende «Fra Kristiania-bohemen», og Jæger måtte flykte til Paris mistenkt for bedrageri.   

Dei første kriminalforteljingane var inspirert av folketru med gjenferd og svart magi. Ynskje om å grøsse og trongen til spenning skapte ein marknad for uhygge. Så innførde Sherlock Holmes vitskap og logikk, og detektivforteljingane oppstod. Sidan har krimforfattarar skreve med inspirasjon frå beggtype forteljing. Nils Nordberg redigerte og skreiv forordet til «En kriminelt god jul – femten svarte fortellinger» som kom i 2006. Dette er krim- og grøssernoveller som held høgt nivå. Her er internasjonalt kjende krimforfattarar som Agatha Christie, P.D. James og Ellery Queen. Og vi har også nordiske forfattarar som Gunnar Staalesen, Liza Marklund og Jan Mehlum. Felles for alle er at handlinga går føre seg rett før, under eller etter julefeiringa.  

Mange krimforfattarar brukar jula som påskot til å samle menneskje på eit lite sted. Underliggjande konflikter som sjalusi og misunning kjem til overflata. Snø og uvær gjer det ofte umogleg å kome bort frå åstaden, og dramaet kan utvikle seg. Eigentleg passar det godt med mørke gjerningar i den mørkaste årstida. Det skumle verkar enda skumlare da.  

Kanskje finn vi her ein samanheng med at julenatta var rekna for å vere den farlegaste av alle netter. I følgje gamal folketru var alle overnaturlege vesen på ferde denne natta, og nåde den som da ikkje hadde alt på stell.  

Forside bok snøsøsteren

 

Tips:

  • Hugs på ungdomsbøkene. Høgttlesning kan vere ein allaldersaktivitet, og da fungerar bøker for barn og unge også.  
  • Hanne Kristin Rohde har skreve «Kodemysteriet», ei bok i serien Blålys. Astrid skal på juleferie til farmor i Brønnøysund. Akkurat i år er det ein heil del som ikkje stemmer her. Eit verdifullt kors har forsvunne frå kyrkja, og ei rekkje kunstverk er vandalisert. Astrid og venene er snart på sporet.  
  • Julegrøss – Fortalt av Englands mest kjende barne- og ungdomsbokforfattar. Fra Norsk lyd– og blindeskriftbibliotek si omtale av boka heiter det: Julegrøss bles liv i ein gammal tradisjon. Fra gammalt av har barn og ungdom mora seg med å fortelje skremande historier, ikke minst i jula. Jula er også høytida da folk har god tid, det er ei spennende tid – og kva er meir spennende enn spøkelseshistorier? 

 

 

 

X