Foto: Ingvil Skeie Ljones

DKS Viken sitt litteraturprogram for våren er mangfoldig. På 3. trinn er det biletbøker som er i fokus, blant anna med Line Halsnes sin produksjon “Skogens konge”. Håpet vårt er også at lesevegrande ungdommar på 9. trinn vil få akutte anfall av leselyst etter at Michael Stilson har vore på besøk med “Bare spille ball”, eller dei har høyrt og sett Tore Aurstad og Andreas Iversen fortelje om alt det skumle som finst under havoverflata i “HP Lovecraft og skrekk fra dypet”. Elevane på vidaregåande kan glede seg til eit både kraftfullt og nyskapande møte med Yahya Hassans dikt i “Skuddsikker vest”.

Men vårens storhending for elevane blir likevel kanskje barnebokbada som blir sett opp i fire ulike kommunar for 6. trinn. Barnebokbad er ein metodikk som er utvikla av Vilde Kamfjord og Pål Brekke Indregard, og har blitt gjennomført i stor stil på litteraturfestivalar. No blir barnebokbad også ein del av DKS Viken sitt litteraturtilbud.

Det er fire kommunar som får barnebokbad våren 2022, fordelt på tre forfattarar. Desse fordeler seg slik:

  • Indre Østfold: Line Baugstø  – Vi skulle vært løver – veke 16-19.
  • Jevnaker og Lunner: Ingeborg Arvola – Buffy by – veke 11.
  • Ål: Maiken Nylund – Rikka på ordentlig og forever – veke 17.

Barnebokbad krever ekstra førebuing frå skulane si side, så det blir arrangert heildagskurs for desse i metodikken. Kursdatoane er: 02.02 (Ål), 02.02 (Jevnaker og Lunner) og 03.02 (Indre Østfold). Barnebibliotekarane i kommunane som får tilbudet vil ha mulighet til å vere med på kursa. Ta kontakt med kommunekontakten i lokal DKS dersom du vil vere med. Kurset i Ål er derimot ope for alle. Ta kontakt med Stig Elvis Furset, stigfu@viken.no dersom du vil vere med på det. Kursa er gratis.

For å sjå kva som elles kjem til din kommune i løpet av våren, sjekk heimesidene til DKS Viken: https://www.denkulturelleskolesekken.no/viken/utforsk-produksjoner-i-dks/

Translate »
X