Skrekkfortellingar og jul: frå Scrooge til Christmasland

av Stig Elvis Furseth 

 

 

 Skrekkfortellingar og jul? Det kan høyrest ut som ein rar kombinasjon rundt ei høgtid som først og fremst er forbunde med kos, hygge, stearinlys og varme pledd. Men jula er jo lagt til den tida på året kor det er som mørkast rundt oss, så den kan skilte med litt andre ting enn girlanderpynt og sledefart gjennom fakkelpynta julegater også.  

I vår familie er ein av dei faste juletradisjonane at vi på vesle julafta ser animasjonsversjonen av A Christmas Carol frå 2009. Filmen er basert på Charles Dickens si berømte spøkelseshistorie Den handlar om den bitre gjerrigknarken Ebenezer Scrooge som ser på jula som eit vanvittig sløseri med både pengar og godvilje. På julekvelden blir han heimsøkt av spøkelset etter kompanjongen Marley, som forteller at han er havna i eit slags helvete kor alle går med lenker rundt føtene. Ei lenke for kvar vonde gjerning som er utført på jorda. For at Scrooge ikkje skal lide same skjebne må han forstå kva jula eigentleg er. Og han får deretter besøk av tre ånder: fortidas jul, notidas jul og framtidas jul.  

Om A Christmas Carol eigentleg er skummel kan ein diskutere. Ein får neppe mareritt dersom ein leser Dickens sin originalversjon. Men i den nevnte filmen er det ei vektlegging av det groteske som kan gje smågrøss nedetter ryggen medan ein nippar til gløggen.  

Meir skummelt blir det i Joe Hill sin mursteinsroman NOS4A2. Plottet i boka er såpass komplekst at eg skal ikkje gjengi det i fullskala. Men ein av dei viktigaste, og mest skremmandehandlingstrådane handlar om Charles Talent Manx. Han køyrer rundt i ein gammal Rolls Royce som ein kan nå parallelle verder med. I den verkelege verda lokkar han ungar inn i bilen, med lovnad om å ta dei til ChristmaslandDet er ein tivolipark, i ei parallell verdkor det er jul heile året. Og kven av ungane kan takke nei til detManx held det han lovar ungane. Men prisen på denne presangen er høg. For Manx, han er julenissen som vampyr. Tittelen på boka er nummerplata til Rolls Roycen. Og viss du leser den høgt, så får du … NOSFERATU. 

Joe Hill er sonen til Stephen King. For dei som er vel bevandra innanfor faren sitt forfattarskap har han lagt inn små presangar. Som til dømes at Manx køyrer gjennom den fiktive byen Derry, Maine og ser “Pennywises Circus” merka av på kartet.  

Så medan ein koser seg med julesnop kan ein også kose seg med dette sitatet frå boka:  

She breathed deeply of the scent of decaying fictiondisintegrating history, and forgotten verse, and she observed for the first time that a room full of books smelled like dessert: a sweet snack made of figsvanillaglue, and cleverness.” 

God skrekkjul 

Translate »
X