DKS-turnèane for litteratur i koronaåret har, med unntak av nokre få optimistiske turnèveker etter haustferien i fjor, enten blitt avlyst eller bestått av ferdig innspelte videoopptak. Ikkje til forkleinelse for nokon som kasta seg rundt i kaoset i fjor vår, men videosnuttane makta til slutt ikkje å skjule at dei likna på skulefjernsyn frå 70-talet. Det er ein stor vesens- og kvalitetsforskjell mellom eit fysisk møte med ein utøvar, som skjer der og då, og å sjå ei formidling i amatørskapt opptak på ein skjerm. Så då nyåret møtte oss med nye nedstengningar og avlysningar, ville vi prøve ut direktesendte møter med utøvar via Teams eller ein anna plattform. Kva erfaringar har vi gjort oss?

Trass i ein del trøblete teknikk, så har det fungert overraskande bra. Ein suksessfaktor er at når ein kjem inn i heimesfæren til utøvaren, så skaper det nærhet til elevane. Elevane har så langt blant anna sett ut på eit romantisk torg i Paris. Dei har sett at det kan vere plass til eit flygel i ei lita stove. Og så har dei sett at ein forfattar kan ha det like rotete på rommet som dei sjølv.

Og sist, men ikkje minst er det også skapt leselyst, noko denne tilbakemeldinga frå ungdomstrinnet viser:

“Tusen takk for et flott møte. Du snakker utrolig fint med ungdomsskoleelever om det du driver med. Dette var et lyspunkt for oss i 8. klasse i dette pandemiåret.”

Så langt i år har desse produksjonane og utøvarane vore på digital forfattarturnè i Viken:

Kathrine Nedrejord. Foto: Kari Live Rønningen

 

  • “Vi skulle vært løver,” Line Baugstø (litteratur) for 5. trinn
  • “Livet, døden og klovnen,” Elisabeth Helland Larsen (litteratur) for 5 trinn
  • “Tabber og tangenter,” Gudrun Skretting (litteratur)  for 6. trinn
  • “Ti ville ekspedisjonar,” Pia Strømstad (litteratur) for 6. trinn
  • “Dei vonde tekstane,” Anders Totland (litteratur)  for 8. trinn
  • “Slepp meg,” Kathrine Nedrejord for 8. og 9. trinn
  • “Third Culture Kids,” Aon Raza Naqvi for vidaregåande opplæring

 

Viken DKS | (denkulturelleskolesekken.no)

 

Translate »
X