UNGDOMSBOKGILDETS NYNORSK SPESIAL

Årets Ungdomsbokgilde går av stabelen torsdag 25.11.21.

For å korte ned på ventetida kan du køyre deg opp på Ungdomsbokgildets første podkastepisode. Den handlar om ungdomsbøker på nynorsk.

Bokpratar på Ungdomsbokgildet, Stig Elvis Furset, snakkar med forlagssjef på Samlaget, Brynjulf Jung Tjønn, og forfattar Helene Guåker om nynorsk ungdomslitteratur. Dei kjem inn på ting som:

-Kvifor var 2020-årgangen så god?

-Rekruttering av nye forfattarstemmer

-Nynorskens plass i marknaden

-Helene sin roman «Høgspenning. Livsfare», som var Stig Elvis sin 2020-favoritt. Boka sin veg frå første utkast til ferdig bok – var det eit rykte som blei til ein date?

-Til sist er dei uenige i kva metodar som skal til for å formidle nynorsk litteratur til nynorskskeptiske ungdommar. Og er nynorsk eit særskilt poetisk språk?

Spoilervarsel: Mellom 30.00-35.00 snakkar Stig Elvis og Helene om slutten på «Høgspenning. Livsfare», så viss du ikkje har lese boka kan du spole forbi.

Podkasten er spelt inn i Både Og sitt lydstudio 9. juni 2021.

Teknikar: Joachim Sandvik.

Episoden er produsert med støtte frå Nasjonalbiblioteket.

 
 

Ungdomsbokgildet 2021

Translate »
X