Foto: Nina Bigum Udnesseter

Denne veka fekk Brånås skule i Lillestrøm besøk av Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening. Han brukte Nasjonal bibliotekdag til å feire dei gode skulebiblioteka, og til å minne om at det finst stader der både skule- og kommuneleiinga skjønar kor nyttig og bra skulebiblioteket er – både for å oppnå læringsmåla og for å gje ungane danning.

– Eit bra skulebibliotek er med på å gje ungane ein så god start som mogleg med leseglede og nyfikenheit, seier Lund. Han peiker på at det er ein ressurs som er med og gjer skulekvardagen betre, både fagleg og sosialt.

Skulebibliotekar Nina Bigum Udnesseter er sjølvsagt einig i dette. Ved sidan av jobben på Brånås skule, er ho skulebibliotekrådgjevar i Lillestrøm kommune og leiar av Skolebibliotekarforeningen i Norge. Sjølv legg ho stor vekt på å møte barna på deira premiss.


Nina Bigum Udnesseter. Foto: privat

– Det er viktig å kunne rettleie og hjelpe barna til å finne bøker som passar for dei. Bøker som dei meistrer å lese, og som gir dei lesemotivasjon. På Brånås skulebibliotek har vi faste timar med samlingar, der både vaksne og elevar formidlar bøker, fortel Udnesseter.

Ho trekkjer også fram at skulebiblioteket kan vere med på å utjamne sosiale skilnader. Barn som ikkje veks opp med ein lesande kultur i heimen, kan her få moglegheita til å bli glade i å lese. På skulebiblioteket har alle tilgang på eit variert utval av litteratur. Det finst bøker som passar alle.

– Vi treng gode skulebibliotek med ressursar til både skulebibliotekar, eit innbydande rom og nok bøker, seier Udnesseter.

Viken fylkesbibliotek gratulerer små og store bibliotekvenner med dagen. Vi seier, nok ein gong: Sats på skulebiblioteket!

Sjå fleire bilete fra Vidar Lund sitt besøk på Brånås skule: https://www.facebook.com/norskbibliotekforening

 

Translate »
X