Ungdomsbokgildet – årgang 20!

Runde tal er ein god grunn til å ta seg ein fest. Så når Ungdomsbokgildet denne hausten går av stabelen for tjuande gong, så blir det feiring av både sjølve gildet og ungdomsboka. Viss du ikkje allereie har gjort det, kan du merka av 23. november i kalenderen. Merk av både dag- og ettermiddagstid! For etter at sjølve arrangementet er ferdig på Union Scene, inviterer vi alle til ei både uformell og storstilt feiring av jubileet. Åstaden blir det nyopna Drammen kulturhus, tvers over gata for Union Scene. Her vil det bli høve til å både mimre og mingle over åra som er gått og skåle for framtida.

Men, på sjølve dagen er det som alltid det årsaktuelle som står i fokus. For 2023-årgangen av Ungdomsbokgildet kan skilte med desse godbitane:

-Taran Bjørnstad debuterer som forfattargjest på Ungdomsbokgildet, men er langt frå nokon debutant som forfattar. Ho har skrive fleire ungdomsbøker, ofte med karakterar som står på spranget til vaksenlivet. Bjørnstad kjem for å snakke om romanen Uke 40. Om tematikken i boka seier ho: «Av og til skjer det saker og ting som dytter en helt ut av kurs, og avgjør retningen i livet ut at man har mulighet til å velge det bort – eller velge noe annet … og uansett hva man gjør vil det prege en resten av livet».

-Første utgåve av Fanny Vaagers Bilde av en brennende Tesla var som fiksjonspodkast, produsert av Brageteatret i Drammen. Deretter vart det til ein teikneserieroman, teikna av Annika Linn Verndal Homme. Romanen handlar om raptrioen Ivy, Asha og Farzana, som får tilbud om å promotere oljebransjen opp mot eit ungt publikum. Det blir actionfylt om kunstaktivismen sine dilemma. Tidlegare teatersjef ved Brageteatret Nils Petter Mørland møter Vaager til ein samtale om skapingsprosessen bak podkasten og boka.

Lenke til invitasjon og påmeldingsskjema  Påmeldingsfrist er 10. oktober 2023. Det er også er mogleg å delta via strøyming.

Ungdomsbokgildet mottar støtte fra Kulturrådet.