Gjennom heile koronaperioda har bruken av e-bøker og lydbøker hatt jamn auke. I januar har Viken-konsortiet registrert 36 807 utlån, fordelt på 13 774 utlån for barn og 23 033 for vaksne.

Pandemien i seg sjølv har nok medvirka til auken, men kampanjen «Lommeboka» og at tilsette i folkebibliotek har fronta tilbudet på ein god måte verkar også inn. Det faktum at nye lydbøker nå berre er tilgjengeleg som e-lydbok er også viktig for at fleire har teke i bruk appen Bookbites. Det er gledeleg å sjå at barn og unge brukar tenesta, og interessa for lydbøkene er stor også blant dei yngre.

Innkjøpsgruppene for barn/unge og vaksne har representantar frå folkebiblioteka i Viken, og vi har ansvar for å fordele ressursane slik at tilbudet blir best mogleg for alle brukarane våre.

Foto: Apeland

Translate »
X